Paulus frå Tarsus, elder Kristendom og Jødedom

[1]3,575 words

Translation anonymous

English original here [2]

Um det er eitt faktum som ikkje kan unngå å gjera inntrykk på alle personar som seriøst studerar historien til kristendomen, so er det det nesten komplette fråveret av dokument um den mannen som den store internasjonale religionen ber namnet til, nemleg Jesus Kristus. Me kjenner berre til honom gjenom det som vert fortalt oss i evangelii, det vil segja, nesten ingenting, for denne brokute samlingi, um umstendelege i deira umtale av dei mirakuløse tilhøvi dei umhandlar, gjev ingen informasjon i det heile um personlegdomen hans og serskilt um upphavet hans. Å, me hev i dei fire kanoniserte evangelii ei lang ættetavla som gjeng attende frå Josef, husbonden til mori åt Jesus, so langt attende som til Adam! Men eg spør alltid meg sjølv kva interessa dette kann ha for oss, sidan me andre stader uttrykkjeleg blir fortalde at Josef hev inkje med fødselen til barnet å gjera. Eit av dei mange ”apokryfe” evangelii – avvist av kyrkja – legg farskapen åt Jesus hjå ein romersk soldat utmerkja ved sitt mot og derav med kallenamnet «Panteren». Dette evangeliet vert sitert av Heckel i ein av hans studiar av tidleg kristendom[1]. Å godtaka dette synspunktet løyser likevel ikkje heilt det sers viktige spursmålet um upphavet til Kristus, for det fortel oss ikkje kven mori til Jesus, Maria, var. Eit av dei fire kanoniske evangelii fortel oss at ho var dotter til Joakim og Anna då Anna var forbi fruktbar alder: med andre ord var ho sjølv fødd mirakuløst – elder ho var ganske enkelt eit barn adoptert av Anna og Joakim på deira eldre dagar – noko som ikkje klårgjer saki.

Likevel er det noko som er mykje meir uroande. Dei hev nyss uppdaga arkivi tilhøyrande eit viktig kloster i den essenske sekti, plassert knapt tretti kilometer frå Jerusalem. Desse arkivi umhandlar ein periode som strekkjer seg frå byrjingi på det fyrste hundreåret før Jesus Kristus til den andre helvti av det fyrste hundreåret etter honom. Det er allereie tale um ein stor innviar elder ein andeleg meistar, sytti år innan honom – «Meistaren yver Rettferd» – som er venta attende ein dag. Um dei sermerkja livesetti til Jesus, um hans tallause mirakuløse heilningar, um hans lærarverksemd gjennom tri heile år midt millom folki i Palestina, um hans triumferande inntog i Jerusalem so strålande umtala i dei kanoniserte evangelii, um hans prøvingar og krossfesting (ifylgje dei kanoniserte evangelii fylgt av hendingar so imponerande som jordskjelv, mørkleggjing av himmelen i tri timar um ettermiddagen og av at sløret rundt tempelet reiv seg sjølv i tvo), vert ikkje eitt ord nemnt i skriftrullane til desse asketane – i høgste grad religiøse menn som måtte hava vore interesserte i slike hendingar. Det ser ut til at, ifylgje desse «Daudehavsrullane» – eg rådar deim som hev interessa for dette emnet å lesa den studien som har blitt utgjeven av John Allegro på engelsk[2] – Jesus ikkje gjorde noko inntrykk på dei religiøse sinni i si samtid, so ivrige etter visdom og ogso so velinformerte som asketane i det umtala klosteret ser ut til å hava vore, elder at…han ikkje eksisterte i det heile! So uroande som dette kann vera burde desse funni plasserast framfyre verdi si offentlegheit, og då serskilt den kristne offentlegheiti, etter desse nylege uppdagingane.

I det som uansett vedkjem den kristne kyrkja, kristendomen som historisk fenomen, og den rollen som den spelar i Vesten og i verdi, hev dette spursmålet mykje mindre vikt enn det ser ut til fyrst. For sjølv um Jesus hadde livd og preika er det ikkje han som er den sanne grunnleggjaren av kristendomen som han vert presentert yvanfor verdi. Um han verkeleg livde var Jesus ein mann «yver tidi» som sitt kongedøme – som han sjølv sa til Pilatus ifylgje evangelii – «ikkje var av denne verdi». Ein mann som i all sin aktivitet, heile lærdom, hella mot å syna for dei som verdi ikkje tilfredsstilte, ein andeleg stig som dei kunde rømma på og finna i deira indre paradis, i dette «Gud sitt kongedøme» som er i oss, den guden «i ande og sanning» som dei søkte utan å vita det[3]. Dersum han hadde livd vilde Jesus aldri drøymt um å grunnleggja ein verdsleg organisasjon – og aller mest ikkje ein politisk og finansiell organisasjon – slik den kristne kyrkja so raskt vart. Politikk interesserte honom ikkje. I hans avsky for rikdom var han den hardføre fienden til eikvar innblanding av pengar i andelege saker, noko som visse kristne, rett elder gale, hev sett som eit argument som provar at i motsetnad til læra åt alle kristne kyrkjor (forutan dei som totalt avviser hans menneskjelege natur [til dømes den monofysittiske sekti]), hadde han ikkje jødisk blod. Den sanne grunnleggjaren av historisk kristendom, den kristendomen me kjenner i praksis, som hev spelt og vil spela ein rolle i den vestlege soga og i verdssoga, er korkje Jesus, som me ikkje kjenner i det heile, elder hans disippel Peter, som me veit var galilear og ein enkel fiskar av yrke, men Paulus frå Tarsus. Han me veit var 100 % jødisk av blod, i sinnelag, i sitt hjarta og det som meir er jødisk av utdanning og ein «romersk borgar», slik so mange jødiske intellektuelle i dag er franske, tyske, russiske eller amerikanske borgarar.

Historisk kristendom – som ikkje i det heile er eit verk «yver tidi», men på alle vis eit verk «i tidi» – er verket til Saul, kalla Paulus, det vil segja, verket til ein jøde, slik marxismen kom til å verta meir enn tvo tusen år seinare. Lat oss undersøkja karrieren til Paulus frå Tarsus.

Saul, kalla Paulus, var jødisk og det som meir er ein ortodoks jøde på den same tidi som han var ein lærd mann. Ein jøde gjenomsyra av medvit um rasen sin og den rollen som «det utvalde folket» – som dei hadde vorte ifylgje pakti med Jahve – skulde ha i verdi. Han var student hjå Gamaliel: ein av dei mest vidkjende jødiske teologane på si tid – teolog i den fariseiske skulen, nettupp den som ifylgje evangelii profeten Jesus som den kristne kyrkja seinare skulde upphøga til rang av Gud, ganske valdeleg hadde kjempa mot på grunn av den sin arroganse, sitt hykleri, den sin vane for å driva med flisespikkeri og å setja detaljane i den jødiske lovi framfyre anden i den – i det minste framfyre det han meinte var anden i den. Det vert ikkje sagt noko um Saul ikkje hadde ein onnor idé enn honom um dette emnet. Det som meir er – og dette er sers viktig – Saul var ein utdanna og sjølvmedviten jøde fødd og uppvaksen utanfor Palestina i ein av dei byane i det romerske Vesleasia som hadde etterfylgt det hellenistiske Vesleasia og hadde teke vare på alle det sine trekk. Tarsus, der gresk var «lingua franca» for alle og der latin likedan skulde bli meir og meir kjent, og der ein kjende att representantar for alle folki i det nære Austen. Med andre ord var han allereie ein «ghettoisert» jøde som burtanfor ein djup kunnskap um den israelittiske tradisjonen heldt ei forståing av verdi åt goyim – ikkje-jødane – som seinare skulde bli høgt verdsett av honom. Han tykte utan tvil som alle andre gode jødar at «goyane» kun skulde dominerast og utnyttast av det «utvalde folket». Likevel kjende han deira verd uendeleg mykje betre enn jødane frå Palestina som i sin midte hadde kome fram dei fyrste truande i den nye religiøse sekti som han hadde som lagnad å forma til den kristendomen me kjenner.

Det blir sagt i «Apostelen sine gjerningar» at det fyrst var ei vill forfylgjing av den nye sekti. Håna ikkje tilhengjarane av den sistnemnte den jødiske lovi grunna den strikse tolkingi av ordet? Gav ikkje den mannen som blir anerkjent som grunnleggjaren, og som det blir sagt vendte attende frå dei daude – denne jøden som Saul sjølv aldri hadde sett – døme på sitt brot på sabbaten, på sin forsøming av fasten og andre sterkt kritikkverdige brot på dei livereglane som ein jøde ikkje skulde forlata i det heile? Ein kan segja det same um eit mysterium som ikkje lova noko godt, krinsande rundt historien um fødselen hans, at han kanskje ikkje var av jødisk upphav i det heile – kven veit? Kvifor ikkje forfylgja alle slike sektor når ein er ein ortodoks jøde: elev hjå den store Gamaliel? Han laut frå skandale verna dei observante tilhengjarane av lovi. Saul som allereie hadde gjeve prov på sin iver ved å vera tilstades under steiningi av helgenen Stefan – ein av dei fyrste fyretalsmennene åt denne farlege sekti – heldt fram med å forsvara den jødiske lovi og tradisjonen mot deim han såg på for å vera kjettarar. Inntil det til slutt gjekk upp for honom at det var ein betre – ein mykje betre – måte å virka på, nettupp frå det jødiske synspunktet. Dette erkjente han på vegen til Damaskus.

Soga slik den kristne kyrkja ynskjer at ho vert fortald er at han brått hadde eit syne av Jesus – som han ikkje hadde, eg tek uppatt, nokosinne sett «i kjøtet» – som si røyst han til slutt høyrde segja til honom: «Saul, Saul, kvifor plagar du meg?,» med ei røyst han ikkje kunde standa i mot. Han hadde i tillegg blitt blinda av eit blendande lys og han kjende seg slegen åt marki. Frakta til Damaskus – i det minste ifylgje den same framstillingi i «Apostelen sine gjerningar» – vart han atterkjent av ein av dei trufaste i den sekti som han hadde kome for å kjempa mot, ein mann som etter å ha heila Saul sitt syn døypte honom og tok i mot han inn i det kristne fellesskapet.

Det er yverflødig å segja at denne mirakuløse forteljingi ikkje kan bli godteki som ho er fortalt utanum av dei som deler den kristne trui. Den hev ikkje som alle forteljingar av sitt slag noko historisk verdi. Dei som utan å hava idéar avgjorde på fyrehand søkjer ei sannsynleg forklaring – sannsynleg, naturleg – på det viset som desse tingi hev skjedd kann ikkje vera tilfredse. Den forklaringi må for å vera sannsynleg gjeva ei utgåva ikkje berre av umformingi frå Saul til Paulus – frå den uforsonlege vernaren av jødedomen til den grunnleggjaren av kristendomen som me kjenner – men óg av vesenet, innhaldet og retningi til aktiviteten hans etter konverteringi. I tillegg ogso av den indre logikken i karrieren hans: sagt på eit onnor sett den psykologiske koplingi, meir elder mindre medviti, millom hans tidlegare motvilje til kristendomen og hans seinare kristne arbeid. Eikvar konvertering hintar til eit samband millom fortidi til konvertitten og resten av livet hans, ein djup grunn, det vil segja, ein vedvarande higen frå konvertitten som konverteringi tilfredsstiller, ein vilje, ein vedvarande retning i liv og handling som konverteringi er utrykket og instrumentet for.

No, gjeve at me alle kjenner til honom og viktigare enn alt kjenner til kursen i karrieren hans, er det berre ein djupt fundamental vilje uskiljeleg frå personlegdomen til Paulus frå Tarsus i alle stadii av livet hans som kann skaffa til vege ei forklaring på han sin «veg til Damaskus». Denne viljen er óg den eine som tener det gamle jødiske idealet um andeleg yverherredøme, utfyllande og yverstigande det økonomiske yverherredøme. Saul, ortodoks jøde, sjølvmedviten jøde, som hadde kjempa mot den nye sekti på alle sett der den representerte ein fare mot ortodoks jødedom, kunde berre forsaka sin ortodoksi og verta sjeli og armen til nettopp denne farlege sekti etter at han forstod at umstøypt av honom, umdanna, tilpassa kravi i den vide verdi åt «goyimane» – «ikkje-jødane» frå evangelii – fortolka, som han gjorde, på det viset at han gav, som det seinare vart sagt av Nietzsche, «ei ny meining til dei urgamle mysterii», kunde det bli for hundradeåret framyver, um ikkje forevig, det mektigaste instrumentet for det andelege yverherredøme åt Israel. Det viset som det verkeleggjer på den sikraste og mest definitive måten «uppgåva» til det jødiske folket som i fylgje honom, ifylgje einkvar god israelitt, var det å herska yver dei andre folki, nedleggja dei i eit totalt moralsk slaveri medan ein utnytta deim økonomisk. Det som meir er dess meir det moralske slaveriet er fullført, dess meir kann den økonomiske utnyttingi – som det segjer seg sjølv – bløma. Det er berre dette målet som er verd den smerten som ei avvising av strengleiken ved den urgamle og ærverdige lovi fører med seg. Elder for å tala eit meir trivielt språk, den bråe konverteringi av Saul på vegen til Damaskus er forklarleg på eit heilt naturleg sett kun hvis ein tillet at han brått erkjende moglegheitene som ein spirande kristendom tilbaud honom for fulle gjenom det moralske herredømet åt folket hans, og som han hadde tenkt – i eit genialt augneblikk, det kunde segjast slik – «Å, som eg hev tenkt kortsiktig ved å forfylgja denne sekti i staden for å tena mine eigne kosta kva det kosta vil! Kva for tåpa hev eg ikkje vore som hev festa meg sjølv ved formene – detaljane – i staden for å sjå det essensielle: interessone til Israel sitt folk, det utvalde folket, vårt folk, oss jødar!»

Heile den seinare karrieren til Paulus er ein illustrasjon – eit prov, på i kva grad ein kan fyreslå å «prova» faktum av dette slaget – av denne sinnrike kursendringi, av denne sigeren åt ein intelligent jøde, ein praktisk mann, ein diplomat (og når «diplomat» blir sagt i samband med religiøse spursmål, er det taskenspel som er meint) yver den ortodokst utdanna jøden uppteken meir enn noko anna av vanskane ved rituell reinheit. Frå den dagen han konverterte, gav Paul i praksis seg yver til den «anden», og gjekk dit «anden» føreslo, elder helder gav ordre um at han skulde ganga, og tala ved kvart høve dei ordi som «anden» inspirerte honom til. Kvar gav då «anden» «ordre» um at han skulde ganga? Til Palestina blant deim jødane som framleis tok del i dei «mistaki» som han hadde offentleg avvist, og som verka til å vera dei fyrste som hadde krav på den nye openberringi? Kunde ikkje falla honom inn! Han var ganske so varsam! Det var i Makedonia, som det var i Grekenland og blant grekarane i Vesleasia, blant galatarane og seinare blant romarane – i ariske land: i det heile i ikkje-jødiske land – der den nyumvende reiste rundt for å preika dei teologiske dogmi um arvesyndi og evig frelse gjennom Jesus si krossfesting og den moralske dogma um likeverdet millom alle menn og alle folkeslag: det var i Athen at han proklamerte at Gud hadde laga «alle nasjonane, alle folki, av eitt og same blod» («Apostelen sine gjerningar», kapitel 17, vers 26). Med denne avvisingi av det naturlege hierarkiet av rasar hadde jødane ingenting å gjera – dei som til alle tider i deira uppfatting av verdi hev styrta dette hierarkiet til deira eigen gagn. Det var likevel (frå det jødiske synspunktet) sers nyttig å preika, å påleggja «goyimane», å øydeleggja deira nasjonale verdiar som inntil då hadde gjort deim sterke (elder helder å påskunda deira øydeleggjing: for sidan det fjerde hundradeåret innan Jesus Kristus var dei allereie kvervande burt under påverknaden frå dei «hellenske» jødane frå Aleksandria). Utan tvil preika Paulus det óg «i synagogane», det vil segja, til jødar, som han utan tvil presenterte den nye doktrinen til som uppfyllingi av profetiane og dei messianske forventingane: utan tvil sa han til desse sønene åt folket sitt, som til dei «gudfryktige» – til kvasijødane, som Timotheos, og til dei jødiske kvarteri som var so rikelege i dei egeiske hamnene (på same vis som i Roma) – at Kristus krossfest og atteruppstanden, som han erklærte, var ingen ringare enn den lova Messias. Han gav ny meining til dei jødiske profetane, slik som han gav ny meining til deim urgamle mysterii frå Grekenland, Egypt, Syria og Vesleasia: ei meining som tilskriv ein unik rolle, ein unik plass og ei unik vikt ved det jødiske folket i religionen til ikkje-jødane. Det var for honom ikkje noko onnor enn eit middel mot det målet å sikra for folket sitt den andelege dominansen i dei framtidige aldrane. Genialiteten hans – ikkje religiøs, men politisk – er samansett av å hava forstått dette.

Det er likevel ikkje kun i planen um doktrinen at han kann framsyna ei uroande smidigskap – «Grekar millom grekarane, og jøde millom jødane», som han sjølv sa. Han hadde ein skarp sans for praktiske behov – og umoglegheitar. Han som fyrst var so ortodoks, er den fyrste til å standa totalt imot den påleggjingi av den jødiske lovi på kristne konvertittar frå ikkje-jødiske rasar. Han insisterar – mot Peter og dei minst forsonlege gruppone av dei fyrste kristne i Jerusalem – på det faktum at ein kristen av ikkje-jødisk upphav ikkje i det heile må umskjerast elder yverhalda dei jødiske lovane krinsande rundt diett. Han skreiv for desse nye konvertittane – halvjødar, halvgrekarar, romarar av tvilsamt upphav, levantiske folk frå alle deler av Middelhavet: for heile denne raselause verdi der han tente som millommannen til sitt jødiske folk, urikkelege i sin tradisjon, og den vide verdi som var klar for erobring – der det ikkje fans for dei eit skilje millom det som er «reint» og det som er «ureint», der dei er tilletne å eta kva som helst («alt det som kann verta funne på marknadsplassen»). Han visste at utan desse innrømmingane kunde ikkje kristendomen forventast å erobra Vesten – ei helder jødane å erobra verdi ved hjelp av umvendingi til Vesten.

Peter som ikkje i det heile var ein jøde frå «ghettoen», forstod framleis ikkje i det heile tilhøvi i ei ikkje-jødisk verd og såg ikkje ting frå det same synspunktet – ikkje enno i alle fall. Det er på grunn av dette at det er naudsynt å sjå i Paulus den sanne grunnleggjaren av den historiske kristendomen: den mannen som gjorde den reint andelege lærdomen frå profeten Jesus til grunnlaget for ein militant organisasjon i tidi. Ein organisasjon som hadde som sitt mål ikkje noko onnor enn dominansen åt jødane yver ei moralsk kastrert og fysisk fornedra verd, ei verd der den misforståtte kjærleiken til «menneskji» leia rett til den uskiljande blandingi av rasar, til undertrykkjing av eikvar nasjonalkjensla og kort fortalt til degenerasjonen åt menneskji.

Det er på tide at alle dei ikkje-jødiske nasjonane endeleg opnar augo sine mot denne tvo tusen år gamle røyndi. Lat dei forstå den slåande situasjonen av i dag og reagera deretter.

Skrive i Méadi (i nærleiken av Kairo), 18. juni 1957[4]

Notes

Upphavleg utgjevi som Paul de Tarse, ou Christianisme et juiverie (Calcutta: Savitri Dêvi Mukherji, 1958). Umsett frå fransk av R. G. Fowler, med takk til M. L., J. P., og D. O.

1. Savitri kann her syna til Ernst Haeckel, som nemner Pandera i kapittelet sitt um ”Vitskap og Kristendom” i han si The Riddle of the Universe at the Close of the Nineteenth Century, umsett av Joseph McCabe (New York: Harper and Brothers, 1900), 328-9.

2. Savitri kann her syna  til eit av dei fylgjande bindi av John Allegro: The Dead Sea Scrolls (Harmondsworth, England: Penguin, 1956), The Mystery of the Dead Sea Scrolls Revealed (New York: Gramercy, 1956), elder, um det vart utgjeve rundt tidspunktet for skrivingi av denne artikkelen, The Dead Sea Scrolls and the Origins of Christianity (New York: Criterion, 1957). I Pilgrimage syner Savitri til ei onnor bok um tidleg kristendom av Gerald Massey, The Historical Jesus and the Mythical Christ (Springfield: Star Publishing Company, ingen dato.). Sjå Savitri Devi, Pilgrimage (Calcutta: Savitri Devi Mukherji, 1958), 332.

3. I The Lightning and the Sun (Calcutta: Savitri Devi Mukherji, 1958), gjer Savitri eit tridelt skilje millom menn «yver tidi», «i tidi», og «mot tidi». Menn yver tidi er svermarar og profetar som orienterar seg sjølve via sanningar som transcenderar den noverande verdi. Dei er difor upraktiske når det kjem til å endra den noverande verdi. Menn i tidi er på alle sett skapningar av den noverande verdi. Difor er dei meir eigna til å uppnå verdsleg suksess. Menn mot tidi orienterar seg via sanningar som transcenderar notidi, men dei er i stand til å handla i verdi for å fremja den sanne saki. Savitri nemner faraoen Akhnaton som paradigmet på ein mann yver tidi, Gjengis Kahn som paradigmet på mannen i tidi, og Hitler som paradigmet på mannen mot tidi.

4. I mai 1957 sigla Savitri til Egypt på veg mot India. Ho budde i den forstaden til Kairo som heiter El-Maâdi i heimen til Mahmoud Saleh, ein palestinsk arabar og sympatisør med nasjonalsosialismen. Saleh var ein ven og granne av den nasjonalsosialistiske landflyktige Johannes von Leers (1902-1963), ein tidlegare tysk universitetsprofessor og SS-medlem som hadde vore tilsett hjå Goebbels sitt Propagandaministerium og seinare var tilsett hjå Nasser-regjeringi som sakkunnig um sionismen. Savitri nytta ein god del av tidi si i Egypt i von Leers sitt nærver. Sjå Nicholas Goodrick-Clarke, Hitler’s Priestess: Savitri Devi, The Hindu-Aryan Myth, and Neo-Nazism (New York: New York University Press, 1998), 176-9. Savitri fortel um ein del av hendingane under upphaldet sitt i Egypt i Long-Whiskers and the Two-Legged Goddess: or the true story of a “most objectionable Nazi” and . . . half-a-dozen cats (Calcutta: Savitri Devi Mukherji, ingen dato [faktisk utgjevi i England umlag 1965]), 97-99.